Eg undrast


Eg undrast kva som ventar
i Himlens høgtidssalar
når Jesus heim meg hentar
frå ferd i skuggedalar.

Ei glede som er utan mein,
ein kjærleik heil og full,
ein mur av klåre edelstein
og gatene av gull!



Eg ser ein flokk som helsar
med song som fossebruset
sin Herre og sin Frelsar
for rom i Faderhuset.

Kor kan eg tru at det for meg
er rom i denne stad,
eg, som så tidt på livsens veg
i sorg for synder bad?



Kven er dei som i kjærleik
med slik ein song Han hyller,
som lever i Hans nærleik
så Herrens fred dei fyller?

Dei reine er i Lammets blod
for all si syndeskuld.
For nådens store fagnadbod
dei syng med gleda full!



Eg undrast kva som ventar
bak ferd i skuggedalar,
når Jesus heim meg hentar
til Himlens høgtidssalar.

Ein spegel gjev oss Herrens ord,
– det ikkje meire kan.
Men eitt eg veit – ved Herrens bord
der skal eg møte Han!




Johan Sorknes

(til innhold)