Vesle blomen


I hagen, attmed steinen, der veks ein liten blom.
Han har nok ingen ange, og liten herlegdom.
Og rundt ikring står roser som glimar meir enn han,
men blomen står og blømer så godt han berre kan.


Han er ein liten villblom. Eg fann han ved ein veg.
Eg grov han opp forsiktig og bar han heim til meg.
Han står der mellom roser, chrysant og timian.
Kan hende at han undrast eg fann ein plass til han?


Eg planta han i hagen, i skrinn og mager jord.
Der står han, vesle blomen, viola tricolor.
Eit ugras vert han kalla, men om du riktig ser,
så ser du at han smiler, - og eg vil ha han her!


Nett her eg planta blomen, her har han plassen sin.
Her skal han stå og bløme og pryde hagen min.
Så kan då rosa skine og stråle i sin glans,
- men også vesle blomen, for her er plassen hans.


Han er ein liten villblom, ein liten vill fiol.
Eit lite andlet strålar i skodde og i sol.
Eg ventar ikkje roser av vesle blomen min.
Han står der, spe og liten, - men fyller plassen sin.




Johan Sorknes

(til innhold)