Kor ven ein vår


Kor ven ein vår!
No blad og blom seg opnar
mot livsens kjelde og syg krafta inn
til rik og fager bløming så det bognar,
til von om grøde i ein haust som kjem.
Den kalde isen kverv for varme vindar,
og bekken løyst dei gamle vegar finn.
Og under blom og sol om høge tindar
ligg jorda varm og lovnadsfull og næm.


Kor vàr ein tone skjelv i vårens dagar!
Ho bivrar kløkt i mellom angst og tru.
I kalde natt han græt med liv som klagar,
han kling med glede mot ei grornæm jord.
I kvart eit frø som fell i mjuke molda
legg tonen over natta kald ei bru.
No ljoset livsens tone ut har folda
og lagt sin tone ned i vårens skaparkor.


Kor ven ein vår,
med blom i alle lier,
og fuglar syngjande frå busk og tre!
Kor ven ein vår, kor sæle, fagre tider,
og for ei von om alt vi snart får sjå!
Og for eit vitne om ein vår som ventar,
når for vår skapar alle bøyer kne.
Son open blom frå sola kraft seg hentar,
får vi hos Han ved Livsens kjelde stå.




Johan Sorknes

(til innhold)