Ottast ikkje


Ottast ikkje for dagen som kjem,
kvar dag er i Herrens hender.
Han er deg nær ved dag og ved natt,
og mørkret til ljos han vender.


Ottast ikkje, du har då ein Gud,
som elskar alt det som han skapte.
Han elska så høgt at han gav sin son
til frelse for dei som var tapte.


Ottast ikkje, du har då ein Far
som kjenner den veg du skal fare.
Han er deg nær i mørkaste natt,
di sjel vil han verne og vare.


Ottast ikkje, ein Frelsar du har
som vegen og dagen kjenner.
Så legg då alt, di glede og sorg,
i Frelsarens signande hender.




Johan Sorknes

(til innhold)