Sommarkveld


No sola dalar ned i hav, og dagen går mot kveld.
No ljoset kverv som i ein draum i sølv og gull og eld.
Her ligg ein veg, ei von, eit land, så lokkande å sjå.
Til landet bakom soleglad, dit vil eg gjerne gå.


Det skumrar over dal og li, og mørke skuggar fell,
og havet syng sin vemodssong når dagen går mot kveld.
Så stilt den songen tek oss med sitt mjuke andedrag,
og sullar oss til svevn og ro med mjuke båreslag.


Og sola glar i gull og glans og gløder ned i hav.
Men mørkret tek med varsam hand oss bort frå mas og kav.
Den trøytte handa kviler no når dagen går mot kveld,
og mjukt og vart det skumrar over fjordar, dal og fjell.


Snart havet søv sin djupe svevn og syng sin voggesong,
og mørkret tek oss i sin famn til kvile enn ein gong.
den djupe freden legg seg stilt om li og bakkehell.
Og soleglad gjev tru og von når dagen går mot kveld.




Johan Sorknes

(til innhold)