Eg kjem til deg


Eg kjem til deg, du Herre Krist!
Det veit eg visst
at du er Gud og Herre.
Di frelsarhand med djupe sår
har soning gjort for synda vår,
kor stor ho måtte vere.


Eg lovar deg, eg takkar deg
for Livsens veg.
Di er all takk og ære.
All synd, all skuld, tok du på deg.
Du opna for meg Livsens veg
så eg Guds barn får vere.


Eg lovar deg, Guds eigen son
for denne von
at eg får eige Livet,
at du i mørkret siger vann,
at du mitt namn med såra hand
i Livsens bok har skrive.


Eg lovar deg for barnekår,
for dine sår
som opna himmelriket,
for kjærleiken så rein og stor,
for at du ville bli vår bror
og aldri frå oss vike.




Johan Sorknes

(til innhold)