Tankar

ved Spjelkavik Indremisjons 90-års jubileum 5/9 1993


Indremisjon
er å eige ein heim i Guds kyrkje på jord,
å vere ei sprudlande kjelde
som spring frå Guds eige ord.

Indremisjon
er å gå til din neste, din granne, din bror,
og gje dei det største:
Guds levande Ord!

Indremisjon
er i Frelsarens nærleik
å gå kvar ein dag i lære,
å søkje hans nåde og kjærleik,
men aldri di eiga ære.

Du fekk eit kall:
Å vere Kristi vitne,
hans sendebod
så nesten din kan sjå!

Løft ljoset høgt!
Ver sjølv eit ljos der mørkret rår!
Gje trøyst og hjelp
der synda slo så djupe sår!
Og ser du ein bror som snåva og fall,
så løft han opp

og ber han heim!
det er ditt kall!


Men dei fleste du møter,
er slike som du og eg,
som går i sin kvardag
sin ærlege, rette veg.

Men kanskje dei løyner der inne
ei bøn, ein lengt, ei tru
som aldri fekk vegen finne.
Men du veit då vegen, du!

Ditt kall er å vere eit ljos for din bror
å syne i livet: Min Gud er så stor!

Du er eit Kristi brev!
Din nabo les sin bibel,
og bibelen han les, er deg!
Der les han i ditt liv
kva Jesus er for deg,
kva Han har makt å gjere

i og med ditt liv.

Slik er ditt kall:
I Kristi stad å sende bodet ut:
«La deg forlike
med Herren, din Gud!»

Men ser du at ansvaret vert deg for stort,
og kallet for tungt å bere,
og vert det så lite alt det du får gjort,
så har du ein ting å gjere:
Når ansvar og mismot vil tyngje deg ned,
så bøy dine kne!

For vegen er open til Frelsarens famn,
der kjærleikens makt deg ventar.
Og stille for Gud i Jesu namn
ny kraft og nytt mot du hentar.

Så får du gå
i Jesu namn
og vere ljos og salt,
eit ljos som skin

i mørke, dulde krokar,
eit salt som svid
i løynde, djupe sår.
Men kjærleiken må strøyme i ljos og i salt,
for Gud sjølv er kjærleik, og kjærleik er alt.

Du ser så mange krokvegar og feller
der mange fangar vart, og no som trælar grår.
Guds kjærleik kan løyse dei tyngjande lekkjer
og lækje dei sviande sår.

Sjølv skal du gå vegen rett og bein,
men aldri kaste ein einaste stein.

For domen er Hans,
Han som bar sin kross
til soning for oss.

Og ser du ein som fall,
så bøy deg ned
med Jesu kall:
«Det er synder og dom over all din veg,
men HAN DØYDDE FOR DEG!»

Då står vi der saman alle vi som fall,
og veit:
Vi er alle like.
Vi møter eit kjærleikens nådekall
frå Han som aldri kan svike.
Han kallar oss inn i samfunn med seg
der rettferd og fred får råde.
Han fører oss inn på den evige veg
der alt vi får gjere, og alt vi eig,
er nåde.



Johan Sorknes

(til innhold)