Eg veit ein stad


Eg veit ein stad der all mi synd vart sona
då Han, min Frelsar, gjekk så tung ein veg.
Der Han, Guds Lam, bar kross og klungerkrona
og all mi tunge byrde tok på seg.

Å kjære staden, Golgata,
der Han eg ser, og ser meg fri og glad.



Eg veit ein ven som elskar utan måte,
som trufast er som ingen her på jord.
Meg, som ein syndar var, gav han sin nåde
og bad meg til sitt rike bryllaupsbord.

Han vil at eg skal vere der,
få bli han lik og få han meire kjær.



Eg veit ein heim der Herren på meg ventar,
ein heim som strålar meir enn verdens gull.
Og han har sagt at han ein dag meg hentar.
Når Han eg ser, då vert mi gleda full.

Jerusalem, å kjære stad!
Der Han eg ser, og ser meg fri og glad.



Johan Sorknes

(til innhold)