Eg veit ei hand


Eg veit ei hand med djupe naglemerke,
ho utrekt er frå himmelen til meg.
Eg legg mi veike hand i denne sterke.
Han tek mi hand og dreg meg inn til seg.


Han teikna meg i begge sine hender
og leider meg i kjærleik dag for dag.
Og same korleis dagen enn seg vender,
så er eg trygg når eg med han held lag.


Om eg vert trøytt og motlaus her i verda,
og skuggen fell så mørk på vegen min,
så har eg Herrens lovnad over ferda
at inkje skadar den Han kallar sin.


Eg veit ei hand med djupe naglemerke,
ho såra vart for alle mine brot.
Eg legg mi veike hand i denne sterke.
Ho gjer meg rein, ho gjev meg von og mot.




Johan Sorknes

(til innhold)