Den kjæraste staden


Den kjæraste staden på jorda eg kjenner,
er tett innmed Frelsarens kross.
Der rekker Guds son ut dei signande hender
til soning og frelsa for oss.

Der ser eg Guds kjærleik, ufatteleg stor,
til oss syndarar alle på jord.



Der kan eg få koma når synda meg ankar,
når kvardagens strid vert for hard.
Der kan eg få koma når hjarta mitt bankar
i lengting og von, til min Far.

Der ser eg Guds kjærleik, ufatteleg stor,
til kvar einaste syndar på jord.



Der vert eg eit tre som er planta ved elva,
der kan eg i Kristus bli fri.
Og der, berre der, kan Guds himmel seg kvelva
med ljos over kvardagens strid.

Der er eg i ljoset, og samfunn eg har
med den heilage Gud, som min Far.



Der tett innmed krossen eg ynskjer å vera
kvar einaste dag som eg får.
Dei synder og brot som eg dit kan få bera,
vert sona ved Frelsarens sår.

Ved Han, som vart knust under synda så stor,
er det fred for kvar syndar på jord.


Johan Sorknes

(til innhold)