Bak stengde dører


Dei sat der bak stengde dører
om kvelden på påskedag.
For øyro klang som eit ekko
av fredagens hammarslag.

I langfredags harde stormar
var alt deira mot slått ned.
Så stod han med eitt iblant dei
og signa dei med sin fred.



Dei sat der bak stengde dører,
ti motlause, redde menn.
Så såg dei ein levande Frelsar,
og motet vart kveikt igjen.

Han kom, trass dei stengde dører,
og løyste dei tunge band.
Han trøysta dei motlause, redde,
og freden kom inn med han.



Så ofte bak stengde dører
vi sit i vår sorg og sut.
Vi gløymer vi har ein Frelsar,
vi gløymer vi har ein Gud.

Han kjem gjennom stengde dører
i dag som han gjorde før.
Han i våre mørke fengsel
vil opne kvar attstengd dør.




Johan Sorknes

(til innhold)