Til ein ungdom


Det er vel fagre stunder
i ungdoms ljose vår,
når livet som eit under
for unge augo står.


Det bryts i tusund knoppar
når sevjestraumen flyt.
Det skjelv i unge kroppar
når våren fram seg bryt.


Dei skjelv i von og draumar,
av lengt i hug og hold.
Dei gledīs ved kraft som straumar,
og frø vert lagd i mold.


Kvar draum, kvart ord i kjærleik,
kvar gjerning, liten, stor,
kvar stund i Herrens nærleik,
er frø du legg i jord.


I dag ei von, ein kumar,
eit frø du legg i mold.
Snart går det fram mot sumar.
Du haustar hundre fold.




Johan Sorknes

(til innhold)