Brødet


Dei hadde age for brødet
dei gamle.
Det måtte dei ikkje sulke til
eller kaste.
I kornet var livet,
anten dei sådde det i åkeren
eller mol det til mjøl.

Vi kan så mykje

- reise til månen
- og tale med bror vår
på den andre sida
av jorda.

Men takkar vi
for brødet?




Johan Sorknes

(til innhold)