I ein spegel


Når to menneske møter kvarandre
som mann og kvinne
og opnar hjarto for kvarandre,
då gjer Gud eit under
og skapar om att
den fagraste blomen i Paradiset,
kjærleiken,
som fekk sin glans og sin ange
i Guds eigen tanke.

Når du og eg
vert eit vi,
når vi er saman i eitt og alt,
saman i glede og sorg,
saman i tårer og bøn,
når varmen frå ditt hjarta
dreg mitt hjarta nærare Gud,
når vi ikkje lenger er berre du og eg,
men vert eitt,
då har vi to
i møtet med kvarandre,
sett som i ein spegel
eit bilete
av Guds eigen kjærleik.




Johan Sorknes

(til innhold)