Det var ikkje rom


Det var så trongt i verda då Jesus kom til oss.
Han kom til stengde dører, til krubbe, stall og kross.
Han levde i Guds nærleik, i himlens herlegdom .
Han alt forlet av kjærleik,
men her var ikkje rom.


Det var så mørkt i verda, og stengd var kvar ei dør.
Guds eigen son i krubba, han ber så tung ei bør.
Mot våre stengde dører han opnar himlens veg
og våre tunge bører
tek Frelsaren på seg.


No syng vi våre salmar og pynter alt til fest,
med stas og gull og glitter for himlens kongegjest.
Han kom frå makt og ære til naud og fattigdom.
Han mellom oss vil vere,
men vil han finne rom?


Å, Jesus, la meg kome inn i ditt krubberom,
og der, i stallens mørke, få sjå din herlegdom!
Må hjarta, sinn og tankar og all mi lengt og von
så lenge hjarta bankar,
få gå mot deg, Guds son!




Johan Sorknes

(til innhold)