Attvunnen åker


Plogfòrer
side ved side,
grornæm åkerjord
budd til vintersvevnen.

Kringom ligg steinrøyser og høge gjerde.
Bøygde ryggar og sterke hender
vann åkeren
- skapte med møde og kjærleik
mold av skrinn jord.

Slik vann dei åkeren
- vigsla han kvar vår
med gyllent såkorn,
vigsla han
til å tene livet.

Med blotta hovud
sådde dei kornet.
Å så var ei bøn,
ei bøn om livsens berging
i tronge kår,
ei bøn om korn og brød.

Med knepte hender
takka dei for fulle aks
før plogen å nyo
gjekk over åkeren.

              ------------

Slik vart åkeren vunnen - og vunnen
- kvar haust lagd under plogen
- kvar vår
vigsla med nytt såkorn.

              ------------

Ein haust kom
- utan plogfòrer,
ein vår
- utan såkorn.
Fleire vårar
- mange.
Ei trøytt hand
hadde funne kvile.

Klunger slo rot i åkeren
- fleire fylgde.
Snart bar heile åkeren
klunger og kratt
i staden for korn.

Åker utan kjærleik
vert åker utan grøde.

              ------------

Nye plogfòrer
ligg side ved side.
Nye sterke hender
vil med møde og kjærleik
vinne att åkeren
og vigsle han
med nytt såkorn.

              ------------

Kor stor ei gåve
å få vinne att ein åker
og vigsle fedrejord
med korn!




Johan Sorknes

(til innhold)