Å Herre Krist


Å Herre Krist, ta du mi hand
og lei meg på din veg!
Løys meg frå alle mine band
så eg kan ære deg!


I handa di du teikna meg
den gong du livet gav.
Du opna meg ein himmelveg,
du sigra i di grav.


Du gøymer meg i nåden din,
der finn eg kvild og von.
Du gjev meg ljos på vegen min,
velsignade Guds son!


Kva nåde at eg deg fekk sjå,
at eg fekk ljos frå deg!
Du gav meg grunn å byggje på,
du synte leid og veg.


Å Herre Krist, min Frelsar kjær,
du som har elska meg!
Å, hjelp meg leve deg så nær
at eg kan elske deg!




Johan Sorknes

(til innhold)