Kvar er du Gud


Kvar er du, Gud,
i ei verd så full av liding,
med så mykje urett,
med svolt, krig og forfylging?
Kvar er du, Gud,
når born svelt
og døyr
av di menn vil ha makt?
Kvar er du, Gud?
Har du gløymt
denne arme verda vår?

Du gav oss skaparverket.
Men verda vil ikkje tru
det er frå deg.
Du gav son din
- men verda vil ikkje vite av han.
Du gav oss ordet ditt
- men verda vil ikkje tru det.
Kva meir kan du gjere?
Kvar er du, Gud?

… i meg …?
Er du i meg?
Er det i livet mitt
at verda skal sjå deg?
Vil du møte verda
med kjærleik, omsut, omtanke og hjelp
gjennom meg,
eg som ber namnet ditt?
Men -
      kva då med alt det
      som mitt er?

Gud, sjå i nåde til meg
at ikkje eg og går bedrøva bort
medan du
ser etter meg i sorg!




Johan Sorknes

(til innhold)