Vår Fedrearv


Vi eig eit land i høge nord
med mørketid og midnattssol
der tett oppunder pol,
det er vår fedrejord.

Vi fekk eit fagert fedreland
med høge fjell og verslitt strand,
med skogar, fjord og hei,
med bre og jøkultind
                --------------
og mjuke, vare barnesinn,
- kva gav vi dei?

Barnesinnet er så ungt,
så fullt av von og draum,
så fullt av glede og av song,
men også fullt av angst og gru
frå inntrykk i ein evig straum
forutan fred.
Og ansvaret, det vert så tungt:
Har vi ei von, har vi ei tru
å møte barna med?
Skal tru om dei vil stå ein gong
i takksemd ved vår grav
og seie takk for det vi gav?

Vi fekk ein arv frå far og mor,
men ikkje som eit eige.
Nei, denne arven, rik og stor,
den fekk vi her til leige.
Og landet vårt, frå fjell til strand,
er deira land!

Og vi kan skusle arven bort,
men også gjere rikt og stort
det land vi fekk å byggje.
Med kjærleik i vårt liv, vår ferd,
vi byggje kan
eit betre verd
der barn kan vere trygge.

Det tryggaste på denne jord
er barnet i Guds Faderhand.
Det venaste, det er ei mor
med hender folda om ei barnehand.

Vi fekk ein arv, eit fedreland,
bygd av så mang ei strevsam hand .
Det er ein arv så rik og stor.
Men største arven er Guds Ord,
ein grunn å byggje huset på
så det kan stå!




Johan Sorknes

(til innhold)