Noreg sin vår


Å, kor vi har venta på våren,
lengta mot stutte, mest dagljose netter,
mot dagar med sol over grornæm jord,
sol over knoppar som bryt over bøen,
sol over vinterlandet her nord.
Og no er han komen, Noreg sin vår!
Knoppane brest og lerka ho slår,
og blomar står tett innved snøen.

Kva under å sjå kvart einaste år
at livet vaknar i knopp og blad,
fuglar og blomar syng saman sitt kvad
at no vil dei leve, - for no er det vår!

Slik vakna også Noreg ein gong
etter år under tvang og i trælekår.
Det sov under snøen ein fridomsong,
han tonar i Noreg sin vår.
I dag blømer landet i raudt, blått og kvitt,
eit land som er fritt,
eit land som er mitt og ditt!
Og skogen står i sitt grøne skrud,
vitnar om livet, vitnar om Gud!

Og Gud vil vi takke for landet Han gav.
Mellom hildrande blåbre og stormpiska hav
der fekk vi vår heim, vår jord,
ei stripe av land mellom fjell og fjord.
Der bygde dei heimar, der vann dei sitt brød,
der levde dei livet i glede og nød
i landet der langt mot nord.
Og landet vi elskar som sonen si mor,
ikkje fordi det er rikt og stort,
men berre fordi det er vårt!

Så fekk vi sjå våren endå ein gong
med brestande knoppar og fuglesong.
Livet det vaknar på landet, i sjøen,
og blomar veks tett innmed snøen.




Johan Sorknes

(til innhold)