Flagget vårt


Så kom han, maidagen,
så skinande og klår som maidagen alltid er.
For om regnet driv og vinden blæs,
ein ljosglans ligg om dagen,
ein dåm av solskin som vi alltid ser.

Det er eit ljos frå flagget vårt

i raudt og blått og kvitt,
eit skin,eit ljos
så lenge flagget vaier høgt og fritt.

I flagget vårt med krossen på
der ser vi himlens klåre blå,
der ser vi kjærleiks raude eld
som brenn frå gry til seine kveld.
Der ser vi reinleiks kvite makt,
så sterk, så skjær, så ljos å sjå.
Dei tre går saman i vårt flagg,
og saman i vår høgtidsdag.
Dei dannar krossen som står vakt,
og gir oss grunn der vi kan stå.


Så kjem han, maidagen,
kjem med minne om tid som for,
om dei som stridde i sut og møde
og bygde heimar og bygdelag.
Av karrig jord fekk dei korn og grøde.
Dei vann og bygde vår fedrejord
og mura grunn for vår fridomsdag.

Av deira strid sprang vår fridom ut
ein strålande maidag.
Så tungt dei stridde, men med var Gud
i tapte og vunne slag.

No eig vi dagen, no eig vi landet,
no eig vi flagget med krossen på.
No tonar song over fedrelandet,
men takken, den må Vår Herre få.




Johan Sorknes

(til innhold)