17. mai 1995


Det blømer i dag i Noreg sin vår,
i raudt, i blått og i kvitt.
No tankane går til ein underleg dag
då striden var slutt etter mørke år

med harde og tunge slag,
og Noreg igjen var fritt.
I minnet ligg dagen skinande klår,
han er ikkje dimma av halvhundre år,
det er, ja, det er som det hende i går.
Gleda ho var så glitrande stor,
kvar mann du møtte, var ven og bror.
Men tanken går også til alle deim
som møtte gleda med sviande sår,
for han som dei elska,

kom aldri meir heim.
                xxxxxxxxxxxxxxxxx
I dag er det atter bløming i Noreg sin ljose vår,
i blått, i raudt og i kvitt.
Tida har lega dei fleste sår,
og flagget vårt vaiar fritt.
Noreg er rikt, og Noreg er stort.
Mykje av rett – og urett – er gjort,
og landet er ditt og mitt.
                xxxxxxxxxxxxxxxxx
Krigen var vunnen ein maidag,
men freden må vinnast kvar einaste dag
i strid av eit anna slag.
Freden må vinnast i unge sinn
så urett og usseldom aldri når inn.
Vår fridom må vekse seg sterk og sann
og odle vår kjærleik til folk og land.


Kjærleik til landet kalla til strid,
kjærleik til rettferd og fred.
Vi lever i dag i ei anna tid,
men kjærleik må vere med.

Og landet vårt ligg der, vêrhardt og armt,
men også så blømande rikt og varmt
med blomane tett innpå snøen,
med glitrande fjordar og rjukande foss
og leikande born på bøen.
Og vi er ein del av landet,
og landet ein del av oss.
I glede og takk må vi sanne
at vi elskar, ja vi elskar dette landet!




Johan Sorknes

(til innhold)